AVSTANDEN AUKAR

Ein dag for ettertanke og refleksjonar 😢😢
Har vore nokre dagar på HUS for utskiftning av pp-kateter, kur og pallativ oppfølging.

Eg gjekk for kur denne gongen også, på trass av nedslåande svar på siste CT.
Alt er i vekst og det gjer meg så uendeleg fortvila.
Var jo uten kur i over ein mnd, pga komplikasjonar rundt juletider, og det har vore nok til at det vart liv i bålet att desverre 😩
Men no har eg starta opp att med ny Cellegift-kur i håp med å halda beistet nede.
Eit forferdeleg frustrerande prosjekt.
Håpet og humøret svingar og eg gjer det eg kan for å halda dei mest negative tankane unna meg.
Sorga ligg som eit tungt teppe over meg 😪
Det tyngste var no å fortelja dette til mine fine.
Me treng kvarandre så inderleg mykje lenger her på jorda.
Oppi alt er eg takknemleg for all den gode hjertevarmen eg får frå fjern og nær.
Eg kan ikkje få fullrost dekan alle nok for at så mange bryr seg.
I tillegg fekk eg eit veldig stort hopp i boksalget mitt etter at mi kjære svigerdatter Christina Ygre Skorve promoterte boka mi på sine sosiale kanalar og det vart skikkeleg oppmuntrende på ellers så mørke dagar. Boka mi er som livgjevande indremedisin for meg 🙏
Så det er berre å ta kontakt om du vil ha eit eksemplar!
Kanskje den kan verta livgjevande for deg og?

AVSTANDEN AUKAR
Det livet eg hadde før
er blitt så enormt langt vekke
Kan knapt sjå det lenger
Avstanden aukar for kvar dag
Der bryt seg inn til meg
når eg møter menneska eg
hadde i det andre livet
Då kjem alt fram att
som ein sår flaum
av det som ein gong var
Der gjer så vondt å sjå
alt eg har mista på vegen
For sorg over det tapte livet
tapte opplevelsar
er vondt å erkjenna
tungt å bera
sårt å sakna 💔